Velkommen til Folkemusikkscena i Hardanger


Siste nytt

Onsdag 03.05, kl. 14:36

    
Hardanger Spelemannslag og Hardanger Folkemusikkscene inviterar til ei rekkje med konsertar no i mai.
 
Fyrst ute er Annlaug Børsheim; Frode Vik og Erlin Wollestad med ein konsert på Rossvoll i Ulvik, sundag 7. mai kl. 19.00Her vil de få høyre tekstar av Olav H. Hauge til tonar frå hardingfele, piano, trompet og seljefløyte.
 
Måndag 8. mai kl. 19.00 spelar Benedicte Maurseth og Knut Hamre i Bergsliskorane i Eidfjord.
Her vert det spel på gamle feler jamfør CD utgjevinga "Rosa i botnen"
 
Fredag 12. mai har du valet mellom å reisa til Hardanger Kulturgalleri i Mælen, Jondal og høyre vokal folkemusikk med Vestasong (Annlaug Børsheim, Benedicte Maurseth, Kari Malmanger og Monika Kolskår) eller til Smidjehaugen i Folkedal, der Aleksander Aga Røynstrand, Ingebjørg Hamre og Knut Hamre spelar.
 
Konsertserien vert avslutta med ein konsert i Agatunet sundag 14. mai kl. 17.00 med Åse Teigland og Frank Rolland.<
 
Me vonar de har lyst og høve til å vera med på ein eller fleire av desse konsertane, som er starten på noko me vonar skal verta ei årviss hending i Hardanger tidleg i mai.
 
med helsing for
Hardanger Spelemannslag/Hardanger Folkemusikkscene