Den Norske Folkemusikkscena (Dnf) har vore eit hovudsatsingsområde for folkemusikkorganisasjonane dei siste åra etter at ein fekk statlege midlar til eit prøveprosjekt. Det ligg føre ein eigen prosjektrapport etter at prøveperioden vart avslutta. Denne har vore ute på høyring frå Rådet for folkemusikk og folkedans.
Arnestadrapporten konkluderer med at nettopp etablering av arenaer og speleplassar/dansearenaer vil vere eit av dei viktigaste satsingsområda framover. Eit felles framlegg frå Rådet for folkemusikk og folkedans, Norsk Folkemusikk og –Danselag, Noregs Ungdomslag og Landslaget for Spelemenn presentert overfor kyrkje- og kulturministeren i eit møte i mai 2002, nemner Folkemusikkscena som eit svært viktig og prioritert satsingsområde i ein nødvendig opptrappingsplan for denne sjangeren.
Etter prøveprosjektperioden er no fokuset sett på å etablere eit nettverk av faste folkemusikkscener rundt om i landet. Dette nettverket er det heilt nødvendig å få på plass for å kunne realisere etterlengta faste turner med folkemusikk og dans.
- "Den norske Folkemusikkscena" er primært etablert som arenaer for den tradisjonelle norske folkemusikken. Ein skal likevel skapa forum der det også er plass for andre land sin folkemusikk. Dette er viktig for kunne sjå og setje folkemusikken inn i ein breiare internasjonal kulturell og musikalsk samanheng.
- Dette skal og vera arenaer der det skal vera mogleg å presentere nye, spennande og gjerne grensesprengjande folkemusikalske uttrykk.
Prosjektet blir administrert av Landslaget for spelemenn i samarbeid med Norsk Folkemusikk- og Danselag – og må sjåast i samband med eit anna samarbeidstiltak som blir administrert av Norsk Folkemusikk- og Danselag; Norsk Folkemusikkatalog.
Denne satsinga har vore ei god utfylling av dei mange andre viktige oppgåvene som det blir arbeidd med på folkemusikk- og folkedansområdet.
Norsk kulturråd si utgreiing om norsk folkemusikk "Men vi skal koma i hug at tradisjonen alltid vert oppløyst og omskapt..", Om folkemusikk og folkedans i det seinmoderne Noreg v/Georg Arnestad strekar opp fleire tiltak der Den norske Folkemusikkscena vil spela ein avgjerande rolle for vidareføringa og vidareutviklinga av folkemusikken og –dansen.
Tiltaka blir retta mot det å skape og utvikle gode arenaer for folkemusikk og folkedans. Vi meiner dette er ei fornuftig, viktig og nødvendig satsing, og at det direkte kjem utøvarane til gode.
