Under er siste nytt!
Den Norsk Folkemusikkscena er lagt ned
2010-12-31 13:15:00
I mars 2010 gjorde styret i FolkOrg følgjande vedtak om folkemusikkscena.
”Vri organisasjonen sitt arbeid vekk frå å vere ein bransjeaktør til å fokusere på tiltak som stimulerer til aktivitet ute i miljøet. Dette inneber m.a. å avslutte arbeidet med eigen turnéverksemd. Organisasjonen bør prioritere rådgjeving og tiltak som støttar opp om lokale arrangørar sin aktivitet og eventuelt andre turnéleggjarar.”
FolkOrg gjekk med dette vekk frå arbeidet med å legge turnear.
Meir info finn du på www.folkemusikk.no
2009-10-22 13:07:00
Triakel, nordens vakreste eventyr, skal på turné for den norske folkemusikkscena i oktober.
Triakel spiller viser. Alt fra gamle revynummer til salmer har plass i gruppens repertoar, ofte viser med opphav i Jämtland eller Hälsingland som er medlemmenes hjemtrakter. Musikken er lavmelt, men sterk og følelsesladet, og arrangementene bygges opp rundt Emmas sang som er den vakre kjernen i lydbildet. Triakel er et uttrykk for medlemmenes lengsel mot det akkustiske og enkle som en motvekt til de andre prosjektene deres som er mer elektrifiserte og volumsterke. http://www.myspace.com/triakels
Triakel har utover en CD-singel (Innan Gryningen 1999) sammen med Benny Andersson, spilt inn tre CD-plater. Den første, selvtitulerte "Triakel", kom ut i mai 1998, den andre "Vintervisor" i november 2000 og den tredje, "Sånger från 63° N", i mai 2004. Fellesnevneren for samtlige plater er at de har blitt svært godt mottatt av både presse og publikum.
2009-09-02 13:50:00
Columbi egg, Folkemusikkscena på Rauland og OsloFOLK (Folk på MIR) har no lagt ut programma sine for hausten 2009. Det er rekordmange konsertar å gå på denne hausten, og kvaliteten er imponerande.
For fullstendig program gå til denne sida
For Columbi egg sitt program trykk her
For Rauland sitt program trykk her
For konsertane i Oslo trykk her
God haust til alle folkemusikkinteresserte, og fylg med. Programmet til dei andre klubbane vert oppdatert fortløpande på nettsidene etter som dei vert klare.
2009-06-08 12:37:00
På veg til Haukeliseterfestivalen spelar "Pål Olles väg" to konsertar i Hordaland, nærare bestemt på Osterøy museum og Agatunet.
"Pål Olles väg" er navnet på plata til trioen Anders Bjernulf, Fredrik Lindh og Lars-Gunnar Björklund og er nominert til årets folkemusikkskive under Manifestgalan 2009 http://www.dt.se/noje/article389444.ece
Anders Bjernulf er primus motor i gruppa, og har hatt Pers Hans som læremeister. Han vart riksspelmann i Sverige alt som 21-åring i 1987, og har sidan spelt ei mengd konsertar, både solo og i samspel med folk som t.d. Knut Hamre og Arto Järvelä, og hatt eit uttal elevar i både Sverige og elles i verda.
For musikkdøme:
http://www.myspace.com/bjernulfbjrklundlindh
Onsdag 10.06 kl. 19.30 : Osterøy museum (Gjerstad)
Torsdag 11.06 kl. 20.00: Agatunet (Aga)
Laurdag 12.06 kl. 15.00: Haukeliseter
Velkomne på konsert med legendariske svenske spelmenn.
2009-03-09 11:15:00
Trio Nor kallar dei seg; Knut Hamre, Anders Bjernulf og Arto Järvelä (biletet), når dei spelar saman.
Knut Hamre (f.1952) fra Hardanger har vunne landskappleiken ikkje mindre enn sju gonger med m.a. kongepokal fra 1981. Han har motteke Edvard Grieg prisen og myllargutprisen, Hilmar Aleksandersens- og Ander Kjerlands minneprisar, han har ni plateutgjevingar i ryggen, deriblant Toneflaum med Hallvard T. Bjørgum og Bjarne Herrefoss som vann spelemannsprisen i 1998, og har spelt med ei mengd musikerar i mange genrer fra inn- og utland. Kort sagt ein av våre aller fremste utøverar.
www.myspace.com/knuthamre
Anders Bjernulf (f.1966) fra Rättvik i Dalarna, Sverige, vart Riksspelmann i Sverige alt som 21-åring i 1987. Trass sin relativt unge alder har Anders etablert seg som ein av Sveriges aller fremste spelemenn. Han har eit alderdommelig og samtidig kraftfullt uttrykk, noko som har resultert i eit særprega, personlig og "uppskattad" uttrykk. Anders har gjeve ut fem plater og har turnert norden såvel som USA og Canada. Han har undervist ved Sibeliusakademiet i Helsingfors og har ellers hatt uttallige elevar på fele i Sverige.
www.myspace.com/bjernulf
Arto Järvelä (f.1964) fra Hattula i finland er omtalt i finsk folkemusikkleksikon som ein av vår tids viktigste spelemenn. Medan han studerte på Kaustinen grunnla han det legendariske bandet JPP i 1982 som har gjeve ut til saman 9 album og turnert over heile verda. Arto har i alt medvirka på over 80 album over hele verda og blir, ikkje utan grunn, kalla "den mest opptekne mannen i finsk folkemusikk". I tillegg til fele spiller han nykkelharpe, mandolin og kantele, men fele er og blir hovudinstrumentet til denne verdsstjerna.
Turnéplan:
| Mån.23.03 | Røros | Folkemusikkscena på Røros | Kaffistuggu |
| Tys. 24.03 | Bø | Hardingfelesenteret | Pizzafjoset |
| Ons. 25.03 | Rauland | Folkemusikkscena på Rauland | Årestoga |
| Tors.26.03 | Oslo | OsloFOLK | MIR |
| Fre. 27.03 | Fagernes | Valdres folkemusikklag | Fagerlund |
| Laur.28.03 | Bergen | Columbi egg / | Hotel Augustin |
| Bergenfest | |||
| Sun. 29.03 | Utne | Hardanger folkemuseum | Utne Hotel |
2009-02-19 13:00:00
FOLKELARM 2009 - SHOWCASE SCOTLAND 2010 - TURNÈ MED DEN NORSKE FOLKEMUSIKKSCENA
Søknadsskjema finn du her
2008-11-04 14:35:00
Mellom 10. og 17. november kjem noregs mest kuriøse liveband til ei scene nær deg i regi av Den norske folkemusikkscena, og i skipssekken har dei den rykande ferske singelen Boney!
10.nov: Hå - Teo-Teknikk (v/ Obrestad fyr)
11.nov: Kristiansand – Kick scene
12.nov: Rauland – Årestoga
13.nov: Bø - Grillen
14.nov: Tromsø - Kulturhuset
15.nov: Oslo - MS Innvik
17.nov: Bergen - Columbi Egg
Meir info og musikk:
2008-10-22 12:36:00
2008-09-15 15:03:00
Årets arrangørseminar for nettverket Den norske folkemusikkscena er lagt til Folkelarm'09 helga 25-28 september. Seminaret er samkøyring med seminaret til Folkelarm, og er støtta av MVO.
Program:
Torsdag 25. sept:
Kl. 12.00 - 13.00: Riksscenen - status og høring v/Jan Lothe Eriksen
Kl. 13.00 - 14.00: MVO - Musikkverkstedsordningen v/Erlend Rasmussen
Kl. 15.00 - 17.00: Promotion og pressearbeid v/Nina Lauritzen
Fredag 26. sept:
Kl. 10.00 - 15.30: Formidling av mangfold v/MIC
Kl. 12.00 - 13.00: Innføring i musikkbransjen v/Christian Wadahl Uhlen (Gramart)
Laurdag 27. sept:
Kl. 10.00 - 12.00: Festivalforum v/Førdefestivalen
Kl. 10.00 - 14.00: Norden som arbeidsmarked for folkemusikere v/Nordisk folkemusikkomité
Kl. 12.00 - 12.45: Hva er best - lønn eller næring v/MFO og Nff
Kl. 12.00 - 12.45: Samisk musikk i tiden v/Johan Sara
For meir oversikt og detaljar klikk her
2008-09-12 09:20:00
Hordaland fylkeskommune har gjennom mange år vore opptekne av folkemusikken si rolle i kulturlivet, og i 1992 vart det difor skipa ei fylkesmusikargruppe innan folkemusikk. Gruppa har i desse dagar fått nytt namn: FYHND og 14. september slepper dei sin fyrste cd i kunsthuset Kabuso i Øystese.
Frank Henrik Rolland, hardingfele
Turneplan:
Sundag 14 september: Øystese, kunsthuset Kabuso
Måndag 15 september: Oslo, teaterbåten innvik
Tysdag 16 september: Prestfoss, folkemusikksenteret
Onsdag 17 september: Rauland, Årestoga
Torsdag 18 september: Bø, Bø museum
Fredag 19 september: Tromsø, kulturhuset
2008-06-24 13:50:00
Lanseringskonkurransen INTRO-folk 2009
Vinnaren får eit skreddarsydd lanseringsprogram i 2010 og 2011 som er sett saman av Rikskonsertane, Norsk Folkemusikk- og Danselag og Landslaget for Spelemenn. Programmet vil innehalde konsertar på lanseringsfestivalane til INTRO-folk og dessutan turné i Noreg i regi av Rikskonsertane.
2008-06-16 14:14:00
2008-05-26 17:01:00
Daniel Sandén-Warg ble hektet på den gamle slåttemusikken da han som ung tenåring Sverige fikk tak i en kassett med hardingfelespelemannen Torleiv Bjørgum. Han kjøpte seg fele og reiste til Setesdal for å lære. I dag er han bosatt i Rysstad, og har i løpet av kort tid markert seg som en av de fremste felespillere i landet. Daniel Sandén-Warg spiller hardingfele, fele, munnharpe, gitar og nyckelharpa. Han har lært de fleste slåttene direkte av Hallvard T. Bjørgum, andre viktige inspirasjonskilder er Andres K. Rysstad og Torleiv H. Bjørgum. Med gruppa Harv (1996), har han turnert mye i Europa, Sør-Amerika og USA. Harv arrangerte også musikken til Tryllefløyta - ein folkeopera (regi Leif Stinnerbom), som hadde premiere på Den norske Opera høsten 2005. Sandén-Warg spiller i bandet til Odd Nordstoga, og sammen med Sigurd Brokke ga han i 2007 ut plata Rammeslag.
Slåttene er i hovedsak fra Tinn i Telemark og fra Setesdal i Aust-Agder.
Knut Dahle (1834–1921) levde sitt liv i Tinn i Telemark, og hans slåtter vandra særlig gjennom sønnesønnene Johannes (1890–1980) og Gunnar Dahle (1902–1988). Olav K. Øyaland (f.1922) lærte i neste rekke store deler av repertoaret til Johannes, og han ble på denne måten Per Anders sin nærmeste kilde til musikken etter Knut Dahle.
Turneplan:
Fredag 06.06 - Rauland
Sundag 08.06 - Oslo, Cafè MIR (plateslepp)
Måndag 09.06 - Bergen, Columbi egg
Tysdag 10.06 - Nesbyen
Onsdag 11.06 - Bø i Telemark
2008-05-26 16:48:00
Duoen Lareli, Gabriel fliflet og Sigrid Terese Moldestad, skal på firedagars turnè for Dnf i Juni.
LARELI
To av Vestlandets ledende profesjonelle folkemusikere har slått seg sammen til duoen Lareli.
Turneplan:
Sundag 08.06 - Osterøy museum
Måndag 09.06 - Bergen, Columbi egg
Tysdag 10.06 - Agatunet
Onsdag 11.06 - Vinjehuset
...og frå torsdag 12.06 til Sundag 15.06 vil Lareli opptre på Haukeliseterfestivalen.
2008-03-13 14:10:00
Sudan Dudan er eit møte med to stemmer i samsong og veksel, omkransa av improvisert klimpring og stryk frå gitar, langeleik, fele, banjo og mandolin. Dei sterke melodiane er i fokus, slipt gjennom generasjonar. Dette er "nytt" tradisjonsstoff – ukjende perler frå arkiv og notenedskrifter, og frå meir eller mindre levande kjelder frå ymse fjelltrakter.
Sudan Dudan er også eit møte med riddarar og andre ulukkelege figurar som dukkar opp i skillingsviser, skjemteballader, slåttestev og bådnsullar. Tekstene tek fram det sørgjelege i alle fasettar, og galgenhumoren har også sin sjølvskrivne plass. Dette song dei om, dei som budde på bygdene for 200 år sidan. Eksotisk, tidlaust, grovkorna og pasjonert.
Sudan Dudan er likevel ingen historisk dokumentasjon. Framføring og arrangement er inspirert av musikk frå ulike tidsepokar og genrar, og musikken kan gjerne beskrivast som ein blanding av norsk kveding og amerikansk old time music. Tittelsporet er basert på ein melodi lært av ein sudanesar som ei tid budde på garden der plateselskapet held hus i Vestre Slidre i Valdres.
Marit Mattisgard frå Valdres syng og spelar langeleik og er høgt premiert og profilert i folkemusikkmiljøet. I 2003 gav Marit ut CD-en Tre ord te de, ei utgjeving mynta på born og unge, basert på den vokale songtradisjonen frå Valdres. Ho var med på den norsk-svenske Rikskonsertoppsetjinga Tryllefløyta i 2005/2006 og fekk Statens arbeidsstipend for folkekunstnarar i 2006. Ho var også sentral i gruppa Dvergmål og på deira CD-utgjevingar: Song i himmelsalar (04) og Visor og kvæde frå Blåbærglandet (96).
Anders E. Røine (Rødtvedt) syng og spelar gitar, mandolin, fele og banjo. Han er ein av dei viktigaste genrekryssande musikarane i folkemusikkmiljøet i dag, og spelar i mange ulike musikalske konstellasjonar. Han har tidlegare medverka på fleire CD-utgjevingar, m.a. Ingvill Marit Buen Garnås (03), Skrekk (04), Odd Nordstoga (04). Han fekk 3-årig arbeidsstipend for yngre musikarar frå Staten i 2006.
Turneplan:
Måndag 14.04 - Bergen, Columbi egg
Tysdag 15.04 - Kristiansand, Egdefolk
Onsdag 16.04 - Rauland, Folkemusikkscena på Rauland
Torsdag 17.04 - Fagernes, Valdres folkemusikklag
Fredag 18.04 - Tromsø, Folkemusikkpøbben i Tromsø
Laurdag 19.04 - Målselv, Kalottspel
Sundag 20.04 - Oslo, Café Mir
2008-02-05 16:06:00
Elisabeth Vatn starta denne veka arbeidet med å vidareføre, forbetre og foredle Landslaget for spelemenn sin storsatsing Folkelarm. Folkelarm går av stabelen for fjerde gong i slutten av september, og det vert spanande å sjå kva Elisabeth kan gjera med konseptet.
Ho har tidlegare har hovudfag i etnomusikkologi ved universitetet i Bergen og har vore festivalsjef for Prøysenfestivalen samt managing director for Cikada. Ho har og røynsle frå folkemusikkmiljøet i Oslo,og folkemusikkarrangement her, etter fleire år som kreativ drivkraft i OsloFOLK.
Den norske folkemusikkscena ynskjer Elisabeth hjarteleg velkomen til nabokontoret og vonar at me får eit fruktbart og kreativt samarbeid i tida framover.
2008-02-05 15:48:00
Tingingsverk frå Osafestivalen 2006; "Elvemot" av Gabriel Fliflet skal i samarbeid med Riksscenen på turné i perioden 17-23 februar. Dei kjem innom fleire av klubbane i nettverket til Folkemusikkscena i løpet av turnéen (sjå fullstendig liste lenger ned) for å spreie god musikk, og ikkje minst live-plata "Rio Aga" som inneheld utdrag frå "Elvemot".
Tingingsverket vert presentert av kremen av norske (folke)musikarar: Gabriel Fliflet, Tore Bruvoll, Berit Opheim, Ånon Egeland, Sondre Meisfjord og Gjermund Larsen.
Turnéplan:
Søndag 17/2 RAULAND Rauland kyrkje kl. 19 - arr. HiT
Mandag 18/2 OSLO Caféteateret, Hollendergt. 8 kl. 19.30 - arr. OsloFOLK
Tirsdag 19/2 KRISTIANSAND Kick malt og mat Dronningens gt. 8 kl. 20 - arr. Egdefolk
Onsdag 20/2 FARSUND Farsund Kino kl. 19.30 - arr. Nordsjøfestivalen
Torsdag 21/2 ORRE, KLEPP Friluftsmuséet kl. 20 (Fullmånekonsert) - arr. Klepp kommune
Fredag 22/2 SAND Kulturhuset kl. 19.30 - arr. Suldal Kulturhus
Lørdag 23/2 BØ Gullbring Kulturanlegg kl. 20 - arr. Gullbring
For meir info klikk her
2008-01-16 14:02:00
I veke fire vert det musikk frå setesdal på fleire av folkemusikkscenene når Daniel Sandén Warg og Sigurd Brokke kjem på besøk. Duoen gav ut plata"Rammeslag" i fjor, ei plate som er omtala både pressa og i miljøet elles som noko av det ypperste CD-spelarane våre har fått servert av tradisjonell folkemusikk på svært lenge. Denne veka er Daniel vekas artist på NRK-P2, sò slå på radioen om morgonen for å høyre smakebitar på kva konserten vil bjode på.
Sigurd Brokke er frå Hylestad i Valle kommune. Han trakterer munnharpe i gamal Setesdalstradisjon.
Slåtteformene hass er ofte personlig utvikla med inspirasjon fra mange ulike læremeisterar. Dette gjeld ikkje minst også for den særeigne speleteknikken. Sigurd vann Landskappleiken i 2003 og 2004 og kom på andre plass i 2002 og 2005. Sidan 2001 har han vore leiar for Setesdal Spelemannslag.
Den svenske setesdølen Daniel Sandén Warg begynte tidleg å spela gitar, men etter at han fekk høyre felespel frå setesdal vart Jimi Hendrix bytt ut med Hallvard T. og Torleiv H. Bjørgum, gitaren måtte vike plass til fordel for fele og hardingfele, og Karlstad vart erstatta med Rysstad. I byrjinga lærde han ved å spela etter kassettopptak, tok så opptak av seg sjølv som han sende til Hallvard T. Bjørgum som vart så imponert at han inviterte Daniel til setesdal for å lære meir, og der bur han altså den dag i dag. I tillegg til fele spelar han også en rekke andre instrument og er ellers medlem i folkemusikkgruppa Harv, bandmusiker for Odd Norstoga og var med i Tryllefløyta.
Turnèplan:
Tysdag 22.01 - Rauland, Årestoga
Onsdag 23.01 - Nesbyen, Hagaled gjestegard
Torsdag 24.01 - Fagernes, Fagerlund
Fredag 25.01 - Vågå, Vågå hotell
Laurdag 26.01 - Bø i Telemark, Bø museum
2007-11-08 13:02:00
Det er eit spekka program for dei som likar folkemusikk i hovudstaden i November. Det er 4 plateslepp, ein svært hyggeleg gjenforening, minnekonsert med eit skikkeleg A-lag og oppstart for konsertserien til Riksscena på programmet. Folkemusikkscena gjev her ein full oversikt, så vidt me veit, for dei som ikkje har fått med seg alt eller dei som treng ein oversikt:
Tysdag 13.11: TRAD på Cafeteateret. Hollendergata 8
Gunnar Stubseid og Hallvard T. Bjørgum - hardingfele
Arr: Riksscena
Torsdag 15.11: TAUS i kulturkirken Jacob.
Sigrid T. Moldestad m.fl om spelekvinner 1700 - 1900 talet.
Arr: Riksscena
Fredag 16.11: Minnekonsert for Kjetil Løndal i BLS sine lokaler, Nordahl Bruns gate 22.
Hallvard T. Bjørgum, Hauk Buen, Erik Sollid, Dagne Groven Myhren, Lillebjørn Nilsen m.fl.
Laurdag 17.11: Oslokappleiken i BLS sine lokaler, Nordahl Bruns gate 22
Kappleiksfest i dei same lokala om kvelden.
Måndag 19.11: Sigurd Brokke og Daniel Sandén Warg på Fabrikken, nedre gate 7.
Arr: OsloFOLK
Tysdag 20.11: Roar Vangen og Odd Sylvarnes Lund på Norges Musikkhøgskole, auditoriet
Konsert og plateslepp med Bukkehorn og El-gitar
Fredag 23.11: Unni Boksasp har plateslepp på Café MIR, Toftes gate 69
Med Unni Boksasp, Jorun Marie Rypdal Kvernberg, Magne Vestrum og Ånon Egeland
Sundag 25.11: Plateslepp for SLAGR på Belleville, Mariboesgate 2B.
Med: Anne Hytta, Sigrun Eng og Amund Sjølie Sveen.
Måndag 26.11: RUMI i kulturkirken Jacob
Med: Javid Afsari Rad, Salar Aghili, Sondre Bratland, Shahram Gholami m.fl
Arr: Riksscena
Tysdag 27.11: JOIK på Cafeteateret. Hollendergata 8.
Med: Cecilie Persson, Lars Ante Kuhmunen, Biret Risten Sara, Ravna Anti Guttorm
Arr: Riksscena
Fredag 30.11: Plateslepp for Camilla Granlien Band på Café MIR, Toftes gate 69
Med: Camilla Granlien, Anders E. Røine, Harald Høyvik og Jorun Marie Kvernberg
2007-10-15 12:12:00
Turnèplan:
Måndag 15.10 - Oslo, Fabrikken
Tysdag 16.10 - Oslo, Cafe MIR
Onsdag 17.10 - Rauland, Årestoga
Torsdag 18.10 - Geilo, Øen turistsenter
Fredag 19.10 - Fagernes, Fagerlund
Laurdag 20.10 - Utne, Utne Hotell
2007-09-06 14:07:00
Sundag 09.09 sleppast plata til Ragnhild Furebotten Trio, Endelig vals, på fabrikken i Oslo. Deretter vert det ei vekes turnè i regi av folkemusikkscena.
Medverkande:
Ragnhild Furebotten (fele), Frode Haltli (trekkspill) og Gjermund Larsen (cello, bratsj og fele)
Med plata «Endelig vals» leverer Ragnhild Furebotten en spennende debut under eget navn! Dette er kontemporær folkemusikk. Repertoaret er hentet fra Ragnhild sitt musikklandskap og består av tradisjonelle nordnorske slåtter, egenkomponerte melodier og også slåtter fra Danmark.
Trioen har arrangert slåttene sammen, og musikken har en improviserende og leken ramme. Musikken til ”Ragnhild Furebotten trio” har musikalske preferanser til samtidsmusikk, nordisk, amerikansk og fransk folkemusikk og klassisk musikk – et nyskapende og internasjonalt uttrykk.
Ragnhild Furebotten er fortolker og formidler av den nordnorske folkemusikken, og en av få profesjonelle folkemusikere fra denne landsdelen. Hun er blitt kjent som musiker, komponist og felespiller først og fremst gjennom gruppa ”Majorstuen”. Hun er utdannet ved Norges Musikkhøgskole. Ragnhild er Spellemannsprisvinner sammen med Majorstuen, ungkunstner under Festspillene i Nord-Norge, og har blitt tildelt Arvid Hanssen-stipendet for unge kunstnere i Nord-Norge. Juryens uttalelse: ”Ragnhild er en tradisjonsbærer med sterke nytenkende element. Intensitet, virtuositet og musikalsk nerve preger hennes uttrykk.”
www.myspace.com/ragnhildfurebotten
Turnèplan:
09.09 Fabrikken - OsloFolk, Oslo
10.09 Columbi Egg, Bergen
11.09 Årestoga, Rauland
12.09 Kabuso, Øystese
13.09 Hagaled gjestegård, Nesbyen
14.09 Rica sunnfjord Hotel, Førde
15.09 Jutulstad, Målselv
28.09 Folkelarm, Oslo
2007-08-06 13:40:00
Felespilleren Benedicte Maurseth overbeviste juryen med sin orginalitet og sin store formidlingsevne. Slik vant hun lanseringskonkurransen INTRO-folk 2007. Konkurransen er et samarbeid mellom Norsk folkemusikkformidling, Folkemusikkscena, Rikskonserteneog en rekke festivaler.
2007-01-11 14:31:00
Musikalsk vert for Columbi egg Gabriel Fliflet takkar paven og legemiddelindustrien for at han kunne setje rullestolen i garasjen for litt over eit år sidan og erstatte den med sykkel!
Sjå reportasjen på Bergen TV og visst du er middels interessert i gamalt lokalnytt frå Bergen, spol fram til om lag 8.15. for å sjå den kjende trekkspelaren sykle for fyrste gong på 26 år!
2006-05-22 11:00:00
Den fyrste avviklinga av INTRO-folk vart vunnen av Majorstuen (biletet) og no er det klar for ny runde. INTRO-folk 2007 vert avvikla på festivalar sumaren '07, og alle interesserte må sende inn søknad innan 1.oktober i år.
Søknad sendast til:
Rikskonsertane
Lise Lundh
Postboks 4261 Nydalen
0401 OSLO
