Arrangement
Onkelfolke

Spelestad: OsloFOLK
Sted: Riksscenen, Schouskvartalet
Tidspunkt: Mandag 21.11, kl. 21:00
Pris: 100 / 70

OnkelFolke er ein framståande eksponent for den nye bølgja av sterke og spennande folkemusikk-grupper i Norge.

OnkelFolke spelar arrangert folkemusikk med utgangspunkt i stoff frå heimtraktene sine Nordmøre, Rogaland og Vest-Agder. Geografisk og musikalsk spenner Onkelfolke sin musikk vidt. Med tydelege røter i norske folkemusikktradisjonar presenterer dei viser, balladar, springar, pols og halling i kraftfulle og originale arrangement. Sterke vokalprestasjonar, suggererande gitar og perkusjonsspel, homogen klang og flott samspel. 
Med eit moderne akustisk og tiltalande lydbilde gjev dei norsk musikkliv ei viktig utgjeving. Eit heilstøypt album produsert av Leiv Solberg (NRK). Med ”Kasta beinet” har OnkelFolke potensiale til å nå ut i Europa. Deira arrangerte folkemusikk, med tydelege norske røter, skal mellom anna presenterast på WOMEX i oktober, og det blir arbeida med å få lisensiert utgjevinga i andre land.


OnkelFolke er:

Gro Kjelleberg Solli
er frå Nordmøre på song og fløyte. Gro er utdanna frå Høgskulen i Telemark og Norges musikkhøgskole. Ho vart vinnar av vokal klasse A på landskappleiken 2004, og nominert til spelemannsprisen 2005 med gruppa ”Tre begrædelige piger”. I haust er ho terne i Rikskonsertane si oppsetting av ”Tryllefløyta”.
Tove Solheim kjem frå Jæren på fele og hardingfele. Ho er utdanna frå Rogaland musikkonservatorium og Høgskulen i Telemark. Sidan –98 har ho jobba som distriktsmusikar i Suldal, men har for tida permisjon for å studera til mastergrad i tradisjonskunst ved HiT.
Audun Eken er frå Sigdal i Buskerud, og er trerader-spelemann. Han har vunne fleire norgesmeisterskap, og har også blitt nordisk meister på torader. Audun er utdanna ved Høgskulen i Telemark.
Øystein Sandbukt kjem frå Sunndal på Nordmøre, og spelar gitar. Han er ein allsidig musikar som er mykje brukt i ulike musikalske sjangrar. Han har teke mastergrad i tradisjonskunst ved Høgskulen i Telemark, og arbeider som distriktsmusikar i Møre og Romsdal.
Knut Egil Kristiansen er frå Lista i Vest- Agder. Han spelar perkusjon og syng. Knut Egil har drive innsamlingsarbeid i Farsund-området og gjort fleire turnèar med dette stoffet. Knut Egil har teke mastergrad i tradisjonskunst ved Høgskulen i Telemark. Han arbeider som musikklærar i ungdomskulen og kulturskulen, i tillegg til å driva frilans.

For meir informasjon, sjekk OnkelFolkes heimeside eller heimesida til NORCD